Planlegging av eigen alderdom er eit høgaktuelt tema, men kva inneber det eigentleg? 

Målet med temadagen “God alderdom i Lærdal” - som Lærdal kommune arrangerer - er å gi nokre tips og råd om kva ein bør tenkja på, kven ein kan snakka med, og korleis ein kan gå fram. Husbanken, Nav, ulike kommunale tenester, samt frivillige lag og organisasjonar kjem for å halda innlegg. 

Det er lagt opp til pause, litt sosialt og spørsmålsrundar undervegs. I tillegg blir det servering av lunsj, frukt og kaffe.

Transport

Målgruppa er pensjonistar, men òg andre som ynskjer informasjon om temaet. Deltaking er gratis.

Når det gjeld transport oppmodar me den som køyrer bil til å ta med ein ven, naboen eller ektefellen om du kan! 

Det er tilbod om minibuss for dei som ikkje har andre moglegheiter for transport. Send melding eller ring til ergoterapeut Synnøve Askeland Kvamme (tlf. 45 87 31 80) innan måndag 12. februar dersom du vil bli henta. Minibussen har ein kapasitet på 16 plassar.

Her er plakaten for temadagen: