Kåffikopp med ordførar og varaordførar plar vera siste torsdagen i månaden, men sidan ordførar Audun Mo var på reis i slutten av april vart kåffikopp-arrangementa i april og mai slegne saman og blir avvikla “midt i mellom”. Difor er det Kåffikopp med ordførar og varaordførar i 1.etasje på rådhuset torsdag 15. mai mellom klokka 18 og 20. 

Det blir ein kåffikopp til før sommaren, i slutten av juni - den kjem me attende til.