Noreg slit med stor mangel på medisinsk personell. Me er heldige på pleie og omsorg i Lærdal kommune fordi mange unge og vaksne kjem hit frå heile verda. Dette er menneske med og utan helseutdanning, men med høgt engasjement og stor arbeidsvilje.

Når ein jobbar med menneske, spesielt sjuke og eldre, er kommunikasjon ein viktig nøkkel til vellykka terapi. Difor har me på pleie og omsorg i Lærdal bestemt oss for å fokusera på språkkompetanse – i tillegg til fagleg utvikling.

Så - om du har jobba i helsevesenet før og ønskjer å hjelpa oss med å betra språkkunnskapane til vårt helsepersonell, blir me svært glade om du kontaktar oss. Det er i utgangspunktet frivillig arbeid, og du bidreg så mykje du sjølv ønskjer - dette tilpassar me etter kva som er best. Opplæringa vil skje på Lærdal bu- og omsorgsheim.

Det vil også bli informasjonsmøte om ordninga på seinsommaren - men ta gjerne kontakt no om dette kan vera noko for deg.

Kontaktinfo: Fagutviklingssjukepleiar Monika Obara har telefon: 404 62 809 og e-post: Monika.Obara@laerdal.kommune.no