Kjøkenet ved Lærdal Bu og omsorgssenter er ope alle dagar frå kl 07:00-16:00.
Me serverer variert frukost, lunch, næringsrik heimelaga middag med dessert eller suppe, heimelaga kaker til ettermiddagskaffien og kveldsmat til alle bebuarane våre. Hovudfokuset vårt er på underærnæring hjå eldre, og prøver legge til rette for at alle skal få den maten dei har behov for, lyst på, kjenner att og at konsistensen er tilpassa kvar og ein! Det blir laga næringsdrikk kvar dag.

Matombringing
Me er opptekne av at innbyggarane i Lærdal skal kunne få bu heime så lenge dei ynskjer. For å legge til rette for dette kan me tilby frokost, næringsdrikk, lunch, varm middag og kveldsmat heim kvar dag for eldre eller funksjonshemma som bur heime og har problem med å lage maten sjølv. Dette er ikkje ei lovpålagt teneste, men eit supplement for å dekke ernæringsbehov til innbyggarane våre.

Korleis får eg denne tenesta
Du søkjer tildelingsnemnda. Koordinerande eining, tlf 47 48 66 36, kan vere behjelpeleg med søknad.

Kriteriar for tildeling:
•søknad frå brukar
•brukar må bu i kommunen
•vere heimebuande med fysisk, psykisk eller sosial funksjonshemming som ikkje er i stand til å ivareta sitt ernæringsbehov

Tenesta sitt innhald
Kjøkkenet på Lærdal bu og omsorgsheim tilbyr varm middag til brukar 7 dagar i veka. Behov for å auke eller redusere tal dagar med matleveranse må avklarast med tenesteytar.

Avbestilling
Dersom ein brukar har avtale på middag kvar dag (7 dagar i veka) har ein ikkje mulegheit for å avbestilla middag enkelte dagar, som til dømes ved besøk, dagsturar, etc. Det er kun ved sjukehusinnlegging ein kan avbestille. Det same gjeld for brukarar som har faste enkeltdagar. Det er heller ikkje muleg å skifte enkeltdagar frå veke til veke.
For avbestilling, ring kjøkken på telefon: 47 48 66 38

Krav til tenesteytar
•at middagen vert servert/levert i samsvar med avtale

Krav til brukar
•gjer seg kjend med innhaldet i informasjonen om matleveranse
•varslar om ein treng diett eller anna type tilrettelegging
•brukar eller pårørande ringer kjøkken ved avbestilling ved innleggelse på telefon 47 48 66 38

Krav til matombringar
•har teieplikt i alle forhold rundt brukar
•skal om nødvendig hjelpe til med å opne emballasjen på middagen
•skal møte brukar med respekt og ein venleg måte

Prisar
•pris pr porsjon vert årleg vedteke av kommunestyret
•faktura vert sendt ut på etterskot med forfall den 20. månaden etter
•prisar finn du under "takstar og gebyr" her under helse og omsorg.

Søknadsskjema om pleie- og omsorgstenester finn du på heimesida under skjema.