Dermed blir det Kom heimatt for ungdom 20. og 21. juni. Arrangementet er for ungdom 13-17 år (dei som fyller 13 år løpet av 2023, og før fylte 18 år). 

Arrangementet er i stor grad inspirert av den tradisjonelle Kom heimatt-festen som blir arrangert i midten av juli for "dei eldre". Kom heimatt for ungdom er arrangert av Lærdal kommune, og er eit førebyggande tiltak i prosjektet "Tett på born og unge i Lærdal". 

Påmelding skjer via skjema - fristen er 16. juni. Påmeldingsskjemaet opnar du ved å trykka her. Om du lurer på noko kan du ringja telfonnummer: 990 89 726.

Tysdag 20. juni: Første dag på Kom heimatt! Denne dagen blir det quiz frå kl. 19-22 på Kosen ungdomsklubb. Me deler inn i lag på førehand. Alle skal få ha nokon dei kjenner på laget sitt. Her kan det ver lurt å lesa seg opp i framkant, ettersom ein tek med seg poengsummen frå quizen til sykkelrebusen dagen etter. I tillegg blir det grilling av pølser!

Onsdag 21. juni: Dag to! Sykkelrebus kl. 15-19. Me møtest på ungdomsklubben rett etter skulen. Kvart lag får utdelt rebushefte. Rebusheftet inneheld forskjellige rebusar som ein må løysa for å finna fram posten. Rebuspostane er lokalisert rundt på Øyri. På kvar post er det ulik oppgåver ein skal løysa som gir poeng til laget. Kl. 17 skal alle laga levere tilbake rebushefta, slik at arrangørane kan telje poenga til laga. 

Me avsluttar med grillmat og kåring av første, andre og tredjeplass!

De må hugse sykkel, hjelm og byteklede.