Arrangementet er i regi av Lærdal kommune og har før vore lagt til juni - i år legg med det like før skulestart. Me tenkjer det kan vere ein fin moglegheit til å treffast etter sommarferien. Me vonar også at arrangementet kan vere med å legge til rette for at dei som byrjar på ungdomsskulen kan bli litt kjende med kvarandre. 

Alt på ein dag

Kom heimatt for ungdom blir i år med både rebus og quiz på ein og same dag. Det vert sykkelrebus fyrst og deretter quiz og grilling på Kosen ungdomsklubb. Me i arrangementskomiteen deler opp i lag. 

Me er så heldige å få hjelp av mange andre instansar på denne dagen - til dømes skal politi, ambulansetenesta, brann og redningstenesta, psykisk helseteneste og andre vere i lag med oss under rebusen. Det vert sendt ut eigen påmeldingslenkje som forms-skjema som alle som vil melda seg på må fylle ut. 

Påmeldingsfrist 1. august

Arrangementet er torsdag 15. august 2024 med oppstart kl. 12.00 og oppmøte ved Kosen ungdomsklubb. Eigenandel blir på kr. 50 som kan betalast same dag på Kosen, det må vera kontant  betaling. Eigenandelen dekkjer deltaking på arrangementet, inngang på Kosen og grillmat. Påmeldingsfrist er 1.august 2024 

Kven kan delta? 

Alle som er født i årstala 2011 til og med 2008. 

Kva er viktig å hugse på? 

  • Alle må ete frukost før dei kjem. 
  • Kle dykk etter været 

Ta med:

  • Matpakke (Grillinga vert etter sykkelrebusen)
  • Bytekle 
  • Sykkel 
  • Handkle 
  • Sykkelhjelm (Alle må nytta den) 

Me gler oss og vonar flest mogleg melder seg på! Ved eventuelle spørsmål om arrangementet kan ein ta kontakt med Ingrid Zwart på e-post ingrid.zwart@laerdal.kommune.no