Kommunen skal ha ei koordinerande eining for habilitering og rehabilitering (jfr. helse- og omsorgstjenesteloven § 7-3). Eininga skal bidra til å sikre heilskaplege og koordinerte tilbod til pasientar og brukarar med trong for tenester frå fleire fagområde, nivå og sektorar. 

Du kan ta kontakt med koordinerande eining dersom du har behov for:
- Hjelp frå fleire kommunale tenester
- Dersom du har behov for hjelp til koordinering av dei ulike tenestene, samt hjelp til kommunikasjon mellom kommunale tenester og spesialisthelsetenesta.
- Hjå koordinerande eining kan du få svar på spørsmål som gjeld individuell plan og koordinator.

Koordinator = ein av fagpersonane rundt brukaren som hjelper til med koordinering av tenestene og som sikrar framgang i arbeidet med den individuelle planen. Koordinator sørgjer for at brukar og evt pårørande vert tett involverte i arbeidet med individuell plan. Brukar sitt ynskje skal vektleggjast ved val av koordinator.

Individuell plan = ein prosess for korleis tenestene brukaren treng, skal verke saman slik at ein får ei heilskapeleg oppfølging- tilpassa sine behov. Planen skal skildre brukaren sine mål, kva som skal gjerast, kven som har ansvar for kva og til kva tid.

Kvifor har me Koordinerande eining?

Koordinerande eining skal sikre gode system for å fange opp personar som har behov for koordinerte tenester. Det er viktig med god dialog mellom fag, nivå og sektorar. Eininga skal bidra til at pasienten/brukaren får eit tverrfagleg tilbod og at tenestene samarbeider.

Samordna tenester, reduserer meirarbeid og gjev meir effektiv bruk av ressursane, både for brukar og for dei som yt tenester. 

Korleis?

Koordinerende eining skal vere synleg og tilgjengeleg (forskrift om habilitering, rehabilitering, individuell plan og koordinator). 

Eininga skal  vera lett å komma i kontakt med, både for brukarar og samarbeidspartar.

Melding til koordinerande eining
Film om individuell plan og koordinator
Film om individuell plan