Denne klassiske historia tek opp sentrale tema som me alle kan kjenne att den dag i dag. Me har valt å legga fokuset på det å vera seg sjølv, uansett kva som skjer.

 

Førestillinga er sjølvsagt proppfull av fjas og tull, akkurat slik me likar det best. Matias, vår faste scenograf har vore med i år også. Me kan difor love ei visuell og flott førestilling med nesten 30 teaterelevar frå kulturskulen. Førestillinga passar alle aldrar, så ta med heile familien og kom. 

Vel møtt til førestilling!

 

Framsyningar i Lærdal kulturhus:

Måndag 26. mai kl. 18.00

Tysdag 27. mai kl. 18.00

Onsdag 28. mai kl. 18.00

Du kan sikra deg ein billett allereie i dag. Billettar finner du på TicketCo