Dei siste åra har Lærdal kommune, næringsaktørar og organisasjonslivet arrangert Lyse dagar i Lærdal i slutten av april. Då feirar me at sola er attende og våren for alvor komen til den djupe, vakre dalen vår.
I år blir det nesten ei veke med arrangement frå tysdag 22. april til søndag 27. april - det blir eit spennande og svært variert program! No frå midten av mars att slepper me eitt og eitt av arrangementa som går av stabelen, så kjem også fullstendig program når alt er klart.
Her kjem bokstaveleg talt nokre skikkelege godbitar under Lyse dagar i Lærdal 2025:
Fredag 25. april – søndag 27. april frå kl. 12 alle dagane