8.mai er som kjent Norge sin frigjeringsdag ettersom nasjonen denne datoen i 1945 vart frigjort etter fem års tysk okkupasjon under 2.verdskrig.
I år er det 80 år sidan frigjeringa, og i Lærdal vart dette markert på kyrkjegarden på Borgund. Her er det ei soldatgrav der soldat Kristian Johansen Kullerud vart gravlagd etter at han og tre andre soldatar vart drepne 30.april 1940.
Hendinga fann stad på Borlaug. To dagar før,

Då kaptein Valen og styrken hans hadde trekt seg attende, hærsette tyskarane området ved Borlaug bru. Utan å vita dette, kom ein lastebil med soldatar frå 4. Brigade i Valdres køyrande på Filefjellsvegen mot Lærdal for å dra seg unna brigaden si overgjeving til tyskarane. To tyske mitraljøser som var plasserte ved sida av vegen, opna eld. Fire av soldatane vart drepne og fleire såra.
Dei tre andre soldatane som fall var Jens Stenberg fra Søndre Land, Harry Hansen fra Asker, Kåre Vestgård fra Nord Odal. Desse vart ført heim og er gravlagd på heimstadane sine.
Lærdalsordførar Audun Mo heldt tale under markeringa på Borgund 8.mai der han fortalde om denne hendinga. Vidare la han vekt på at ein må aldri gløyma den viktige innsatsen desse fire og veldig mange andre gjorde for fedrelandet. Vidare nemnde han at ein ser kor viktig fridom er i dag , med all uroa rundt om i verda.
I tillegg til talen og kransnedlegginga heldt Hydrokoret minkonsert under minnesmarkeringa.
