Miljøsertifisering inneber at verksemda følgjer standardar for oppbygging og oppfølging av miljøstyringssystemet. Miljøfyrtårn er ei norsk miljøsertifiseringsordning, som ikkje stiller fullt så omfattande krav som den internasjonale standarden ISO 14001 og den europeiske standarden EMAS. 

 

Miljøsertifisering

Miljømerkeordningar

Miljømerking er til hjelp for forbrukarar til å ta miljøvennlege val. Det finst mange miljømerker i den norske marknaden, og det kan ofte vera vanskeleg å skjøna kva dei ulike merka står for. Ein skil mellom merker som vert forvalta av uavhengige organ, og merke som er oppretta og vert styrt av industrien sjølv. I Noreg finst det to offisielle miljømerker som er forvalta av Stiftelsen Miljømerking. Det er Svanemerket og EUs Ecolabel (EU-blomen). I tillegg er det svenske Bra miljøval og det tyske Den blå engel, ofte å finne på produkt i Noreg. Alle desse miljømerka er "livssyklusbasera miljømerke" som tek omsyn til heile livssyklusen hjå produktet - frå produksjon, i bruk og når det endar opp som avfall. 

På Forbrukerrådet si nettside kan ein finna ei oversikt over dei fleste miljømerka som ein finn på produkt i Noreg. 

Miljøsertifisering i Lærdal

Reiselivet i Lærdal gjekk saman for å oppnå kriteria til kvalitetsmerket Bærekraftig reisemål, og vart godkjent av Innovasjon Norge i mars 2013. I samband med dette arbeidet, vart 10 reiselivsverksemder miljøsertifisert. I 2020 var tre av desse verksemdene framleis sertifisert. Så kom det fleire sertifiserte verksemder til frå andre bransjar. Lærdal kommune, rådhuset, vart Miljøfyrtårn i oktober 2022. Kommunen arbeider vidare med sertifisering av stadig fleire einingar.