Lærdal kommune ynskjer å gje eit tilbod til deg som er eldre og heimebuande, men som kan tenkje seg å treffe andre til felles middag og hygge ein gong i blant.

Lærdal frivilligsentral, Røde kors og pleie og omsorg har derfor gått saman for å kunne tilby fylgjande annakvar fredag: 

10:30 (Ca)        Du vert henta heime. Førstemann til mølla for å få plass i bilen.

10:45-11:45      Handletur på Øyri

11:45                 Velkommen til ulike arrangement på aktivitetstova

13:15                 Middag og dessert, saman med bebuarane i omsorgsbustadane

14:00                Retur heim når ein har fått plass i bilen

Bilen vil plukka opp dei som ynskjer å vera med. Bindande påmelding innan onsdag  kl 12:00 same veka til Guro Eri Jakobsenpå aktivitetstova, tlf: 404 00 539. Eigenandel: 200,- pr gong.

Datoar for middag:            

27. oktober

10. november

24. november

8. desember

19. januar

02. februar

16. februar

01. mars

15. mars