Frivillige lag og organisasjonar kan søka om å få kompensert kostnader til meirverdiavgift som dei har hatt ved kjøp av varer og tenester. Føremålet med ordninga er å fremja frivillig aktivitet.

Formålet med ordninga er å fremja frivillig aktivitet. Dette blir gjort ved å godtgjera for kostnadar som frivillige organisasjonar har hatt til meirverdiavgift ved kjøp av varer og tenester.

Organisasjonen må vera registrert i Frivilligregisteret, og frivillig innsats må vera ein viktig del av verksemda for å søka.

Søknadsfristen er 1. september 2025.

Det kan søkast etter to modellar. Minstegrensa for å søka etter forenkla modell er 100 000 kroner i søknadsgrunnlag, og etter dokumentert modell er det 7 000 kroner i faktiske meirverdiavgiftskostnader. Grensene gjeld ikkje for organisasjonar som skal søka gjennom sentralledd.

Merk: Organisasjonar som er knytt til eit sentralledd (for eksempel Norges idrettsforbund, Norske Kvinners Sanitetsforening eller liknande) skal senda søknaden via dei. Sentralledda har eigne søknadsfristar som er tidlegare enn Lotteri- og stiftelsestilsynet sin frist. Les meir om ordninga på Lotteri- og stiftelsestilsynet sin nettstad.