Totalt er tilskotspotten på 20 000 kr. Eigarar av bygningar i verneområdet kan søkja. Ein formulerer sjølv ein søknad som må innehalda følgjande opplysningar:
- Namn, adresse og kontaktinfo (mobil eller e-post) på søkjar.
- Informasjon om kva bygning søknaden gjeld, inkl. adresse for bygningen
- Kontonr. for utbetaling av evt tilskot
Kriteriane for tilskotsordninga er som følgjer – desse punkta må søknaden seia noko om:
- Det må nyttast diffusjonsopen linoljemåling, til dømes linoljemåling frå Wibo, Linomal frå Møretyri eller Kulturhantverkarna. Det er òg andre merker som er diffusjonsopne, men ynskjer ein andre produsentar enn dei nemnde må dette godkjennast på førehand.
- Bygningen som skal målast må liggja i verneområdet
- Ein må følgja fargeplanen for bygningar i verneområdet
- Ein kan få tilskot på inntil 25% av kostpris for linoljemåling, maksimalt totalt 5000 kr. Det kan gjevast meir dersom det er få søknader. Søknaden må såleis innehalda overslag over totalsum for innkjøp av linoljemåling og søknadssum utifrå dette.
- Kvitteringar på innkjøpt linoljemåling og bilete av både før bygningen var måla og ferdigmåla bygning må sendast inn som rapport innan 31.august 2025. Tilskotet blir betalt ut etterskotsvis basert på rapport.
Søknadsfrist: måndag 26.mai. Søknad sender ein på e-post til: post@laerdal.kommune.no
Fagrådet for Gamle Lærdalsøyri vurderer søknadane og utmålar tilskota kort tid etter søknadsfristen har gått ut.