Frå klokka 09.00- 12.00 vert det drop-in for å ta influensavaksine og koronavaksine på Lærdal helsesenter. Dei som ynskjer vaksine mot lungebetennelse lyt ringja på førehand og bestille time.

Desse vaksinane kan ein ta samstundes:

  • Influensavaksine og koronavaksine 
  • Influensavaksine og vaksine mot lungebetennelse

Ein kan ikkje ta koronavaksine og vaksine mot lungebetennelse samstundes, då lyt det gå minst ei veke mellom vaksinane. 

Dei som ynskjer å få vaksine mot lungebetennelse må altså ringja helsesenteret på telefonnummer 57 66 95 00 på førehand. Dei som ynskjer berre influensavaksine og/eller koronavaksine kan berre møta opp i det aktuelle tidsrommet. 

Prisar:

Koronavaksine = gratis

Influensavaksine = 100,- kr

Vaksine mot lungebetennelse = 400,- kr

Me tek berre i mot kontakt betaling

Finn informasjon om dei forskjellige vaksinane ved å klikka her.