15.12 2020 vart det fatta  vedtak om å innføre ei felles forskrift for transportordninga for menneske med nedsett funksjonsevne, TT-ordninga i Vestland fylke, gjeldande frå 01.01.21

Frå denne datoen skal alle søknader på TT kort sendast til Vestland Fylkeskommune. Det er dei som skal handsame alle søknadane. Fylkeskommunen har fått  brukarlistene over dei som er godkjent brukarar av ordninga i kommunen. Alle skal ha fått tilsendt nye kort og informasjon.

Søknadsskjema og informasjon om tilbodet finn du på nettsida til fylkeskommunen; www.vestlandfylke.no, vidare går ein på «Tenester» og deretter på TT-kort. 

Kommunen er tilgjengeleg for å gje informasjon og for  hjelpe til med å fylle ut søknader. 

Om noko er uklart, eller om du treng hjelp til å fylle ut søknadsskjemaet, ta kontakt med
Sissel Ljøsne tlf; 97057494

Forskrift for transportordninga for menneske med nedsett funksjonsevne i Vestland