• Kvar det er fint å ro og padla?

• Kva ferdigheiter treng ein for å padla ei rute?

• Kva tilrettelegging og fasilitetar finn ein langs ruta?

Med prosjektet ro- og padleruter i Vestland vil fylkeskommunen gjera det enklare å finna svar på dei ovannemnde spørsmåla. Då treng me hjelp frå folk i kommunane i Sogn!

Kartfesta og tilretteleggja

Vestland fylkeskommune har gjennom dette prosjektet teke ei koordinerande  rolle i arbeidet med å kartfesta og tilrettelegga ro- og padleruter i fylket. 

Som ein del av denne satsinga er Sogn friluftsråd er blitt engasjert til å sette i gang delprosjektet Ro- og padleruter på Sognefjorden. Ved å få ei oversikt kva som finst av ro- og padlemoglegheiter, tilrettelegging og overnattingsmoglegheiter på og ved fjorden, er det ynskjeleg å skapa eit nettverk av padleruter som til saman kan utgjera ei eller fleire padleleier på Sognefjorden.

Me treng altso innspel for Lærdalsfjorden! 

I tillegg nyttar me høvet til å informera om prosjektet Friluftslivets ferdselsårer, der me også ønskjer innspel frå lokalsamfunnet i Lærdal. 

Kom på ope møte onsdag 21. mai kl. 18 - 20 i kommunestyresalen i Lærdal!