GDPR, personvern og datatryggleik er eit stort og komplekst fagområde. 
Sogndal, Årdal og Lærdal har gått i lag om samarbeid om personvernombod slik at ein på best måte tek i vare dei krava som blir stilt til kommunen som databehandlar.

Kommunane behandlar mange personopplysningar og det er viktig at innbyggjarane kan ha tillit til at kommunen handsamar personopplysningane deira rett.
Personvernombodet skal kontrollere, gi råd og informere om korleis kommunane kan ivareta personverninteressene til sine innbyggjarar på best mogleg måte.
Som personvernombod vil du blant anna jobbe med å kvalitetssikre oversikt over personopplysningar, opplæring, implementering av internkontrollsystem, fortløpande rådgiving og bistand ved personvernkonsekvensvurderingar.
I tillegg vil du måtte vere tilgjengeleg for innbyggjarar som har spørsmål om sine rettar. 
I stillinga vil du vere med på å sikre personvernet i Sogndal, Årdal og Lærdal og etterleve krava i EU sin personvernforordning. Det viktigaste vil vere å sikre at kommunane følgjer gjeldande lover og reglar, bidra til god sikkerheitskultur blant tilsette, samt å initiere og utvikle personvern i prosessar, rutinar og IT-system.

Personvernombodet vil ha ei uavhengig stilling og rapportere til kommunalsjef for administrasjon og innovasjon.

Les meir om stillinga og søk her