Etter oppdrag frå Miljødirektoratet har NIBIO etablert fem overvakingsfelt for jordbruksbelasta grunnvatn. Haslemoen i Våler kommune, Rimstadmoen i Larvik kommune, Horpestad i Klepp kommune, Nedre Eri i Lærdal kommune og Skogmo i Overhalla kommune. NGU har etablert eit tilsvarande overvakingsfelt i Grødalen i Sunndal kommune. Alle lokalitetane ligg innanfor nasjonale førekomstar av grunnvatn.

Gjennom finansiering frå «Handlingsplan for berekraftig bruk av plantevernmidlar 2019-2021», har det vore utført fleire analysar av plantevernmidlar i grunnvatn på disse lokalitetane. Det har vore installert automatisk overvaking av grunnvatn og markvatn på nokre lokalitetar og det har vore analysert plantevernmidlar i ulike jorddjup. Finansieringa har gitt synergi og auka kunnskap om plantevernmidlar i grunnvatn i jordbruksområde.

Rapporten grå NIBIO gjev oversikt over resultat frå målingar i perioden 2019-2021. Når NIBIO nyttar omgrepet «metabolitt», kan det tyda «små restar». I Lærdal vart metabolittar frå ugrasmiddelet Metribuzin gjenfunne i mange av prøvane i perioden 2019-2021, men i låge konsentrasjonar. Ugrasmiddelet MCPA ble påvist i fleire prøver i 2021. I ei prøve fra 2020 vart glyfosat/AMPA påvist i ein konsentrasjon over terskelverdi og drikkevassgrensa. I 2019 viste tre prøver forhøgde konsentrasjonar av sink. Resultat frå perioden 2016-2018 viste gjenfunn av dei same Metribuzin- og lågdosemetabolittane som påvist i 2019-2021, men med gjenfunn i færre prøver og i hovudsak lågare konsentrasjonar. Ingen av prøvene frå denne perioden viste forhøgde konsentrasjonar av sink (NIBIO, 2022).

Med klimaendringane me no er inne i, vert det viktig at det vert halda auge med ulike typer forureining. Det er difor ei føremon at Lærdal er med i dette overvakingsprogrammet.

Her kan du lesa meir: https://nibio.brage.unit.no/nibio-xmlui/handle/11250/2989546