Psykisk helseteneste/rus er ein del av det kommunale helsetilbodet for menneske i krise, med psykiske helseutfordringar, psykisk sjukdom og/eller rusproblematikk.
Du kan sjølv ta kontakt eller du kan henvisast frå lege/legekontor eller andre instansar.
Tilbodet blir tilpassa dine behov og utforma i samarbeid med deg.
Tenesta er gratis.
Me tilbyr:
• Personleg oppfølgjing og støttesamtalar
• Oppfølgjing i krevjande livssituasjonar/kriser
• Hjelp og støtte i dagleglivet, bistand i heimen
• Rettleiing
• Trening/treningskontakt/turgruppe
• Ulike dagtilbod
• Hjelp til å opprette kontakt med andre tenester
• Individuell plan
Rådgjevande eining for russaker (les meir ved å klikka på lenkja) ligg også under Psykisk helseteneste og rus for Lærdal kommune sitt vedkomande.
Fagleiar psykisk helse og rus: Janne Elen Natvik
Telefon: 404 39 678
Epost
Sosionom: Ingrid Hagen
Epost
Miljøterapeut: Frøydis Helland
Epost