Intensjonen var å øva storskala  på ei større ulukke med eit ureiningsmoment og eit tryggleiksmoment i tillegg. Det vart rigga til eit område for ulukke på Borgund ved Lo , der ein buss full av elevar frå ein folkehøgskule kolliderte med ein traktor. Traktoren hadde ein tank med maursyre på som velte og rann ut i elvi. 

Øvinga hadde 23 godt sminka markørar som gjorde godt ut av seg og spelte bra. Det vart øva på skadehandtering, tryggleik og prioritering. Kriseleiinga i kommunen vart og samla og organiserte pårørandesenter. Øvinga omfatta meir enn 50 deltakarar  og det var nyttig også for kommunen og teste ut sin beredskapsfunksjon.

Etter øving var det gjennomført ein debrief og ei vurdering av øvinga, med alle aktørar, både deltakarar, markørar og observatørar. Dette for å avdekkja område som fungerte bra eller dårleg og sjå på moglegheitene for betring av rutinar og/eller prosedyrar.

KS Konsulent har også omtalt øvinga i Lærdal, klikk her for å sjå.

Øving på Borgund