Denne veka (veke 8, vinterferieveka) er det redusert kapasitet ved Lærdal helsesenter. Det tyder at ein må pårekna lenger ventetid om ein ringjer og det kan bli ekstra ventetid til timar hjå lege. Dette vil ikkje påverka augeblikkeleg hjelp-funksjonar.  

Det vart først meldt at den reduserte kapasiteten ville vera første del av veke 8, men det viser seg at det vil bli redusert kapasitet ut denne veka, til og med fredag 23. februar. Denne oppdateringa vart gjort onsdag 21. februar klokka 10.