Visste du at det mogleg å lage golv av kapp frå byggebranjsen? Eller at plasten som vert nytta rundt  rundballane kan nyttast igjen i ny produksjon? Dette er nokre av tema som vert løfta 20. april kl.10.00 i Kultursalen på Villakssetneret i Lærdal. 

Programmet og lenke til påmelding finn du her
På fagdagen får du eit innblikk i breidda av gode prosjekt og tiltak i Sogn innan sirkulær økonomi og berekraftig utvikling. Pål Medhus frå Høve Støtt skal lose oss gjennom dagen, og me avsluttar med diskusjonsgrupper der me koplar næringsliv, kommunar og ulike forskingsmiljø. 
 
Sirkulære Sogn vil i tida framover arrangere fleire arrangement og møteplassar med sirkulær økonomi som tema. Har du innspel til kva tema me bør løfte eller andre kommentarar kan du sende dei til næringsrådgjevar i Lærdal kommune Ingeborg Lysne på epost ingeborg.lysne@laerdal.kommune.no