Insekta i jordbrukslandskapet – kor viktige er dei for ei god avling? Det var tema på markdagen måndag 30. august, då eit 20-tals bønder frå distriktet, fagfolk hjå kommunen, Statsforvaltaren og Høgskulen i Vestland samlast ved ei blomstereng på Hauge gard hjå Njål Golf og seinare i eplehagen hjå naboen der, Fredrik Hestetun. Programmet starta med quiz.

Kor mange artar av bier finst det i Noreg? Det høgaste bodet i quizen var på 250, men svaret er i overkant av 200! Det var professor Stein Joar Hegland ved Høgskulen Vestland som utfordra deltakarane på kunnskap om insekta me har. Av desse 200 var det spørsmål om talet på humleartar. Her i landet er me på 35, kan hende 37. Livsvilkåra for insekta har vorte dårlegare gjennom åra. Om ein ser verda under eitt, er intensivt landbruk og anna menneskeleg arealbruk, bruk av sprøytemiddel og klimaendringar viktige grunnar til at bestandane minkar.

Insekta dukka opp allereie i Silur-tida for over 400 millionar år sidan. Dei har svært så varierte levevis og kan eta plantebasert, vera rovdyr, nedbrytarar eller altetarar. Denne kvelden var det dei pollinerande insekta som var på dagsorden, som hentar nektar frå blomar til larvane sine, og som samtidig tek med seg pollen mellom blomane og sørger for pollinering. Dei utfører difor svært viktige oppgåver både i naturen og i jordbruket. Og det er ikkje berre biene som gjer jobben. Blomsterfluger og andre insekt er og viktige.

I Lærdal kjenner me godt livsvilkåra for laks, hjort og rein. Men kva skal til for at dei pollinerande insekta skal takast vare på? Det dei treng er tilgang på næring frå blomar, reir (bol) og oppvekst-område for larvar og stader for overvintring. Einskilde artar er særs knytt til tre og daud ved. Andre har reir i varme jord- og sandbankar, som me ha mykje av her i Lærdal.

Turen gjekk uti enga, der bonde Njål Golf fortalde korleis han bearbeida overflata og sådde frø frå  eittårige blomar det eine året og året etter. Det kom opp mykje gras fyste året, medan blomane fekk betre tak året etter. Selja som veks i området er og viktig. Den gjev næring for insekta tidleg på våren, då det er svært lite anna å henta. Blomsterenga går langs etter ein steinmur. Professor Hegland påpeika kor viktige slike steinmurar er som livsmiljø for insekta. Einskilde artar insekt nyttar holrom og brukte musebol i steinmurane til overvintring.

I arbeidet med blomsterenga var det slik at frøblandinga var godkjent fyste året, men ikkje det andre. For spørsmålet som vert stilt er korleis ein sikrar at framande artar ikkje vert spreidd i norsk natur. Arbeidet med gode frøblandingar er under utvikling, og det kjem nye.  Sjølv så seint i august var enga fargerik, i blått, gult, oransje og raudt! Professor Hegland påpeika, at det er viktig med ulike blomar og fargar, så det er tilbod for ulike insektartar. Etablering av striper med blomstring i kulturlandskapet, kan vera med å etablera kontakt mellom ulike leveområde for insekta, og auka mattilfanget.

I eplehagen hjå Fredrik Hestetun stod trea tunge av mogen frukt av ulike sortar. Han fortalde korleis dei nyttar honningbier for pollinering. Desse biene sikrar at alle delar av blomen vert pollinert, slik at eplet til slutt veks og vert rundt, og ikkje skeivt! Han fortalde og om dei ulike sortane, og kva for eple som er egna til direkte konsum og til siderproduksjon. Det har vanka medaljar for god sider!

Til slutt orienterte seniorrådgjevar hjå Statsforvaltaren i Vestland, Johannes Anonby og landbrukssjef Magnhild Aspevik i Lærdal kommune, om ulike tilskotordningar som bøndene kan søka på for å legga til rette betre livsvilkår for insekta i kulturlandskapet.

Med eit saftig eple i handa ein lun haustkveld, vandra alle heimatt med meir kunnskap om artane av insekt me lev i hop med her i Lærdal.