Vaksineringa desse dagane skjer frå kl 09:00 til 14:30 ved helsestasjonen på Lærdal helsesenter.

Ein treng ikkje tinga time på førehand. Berre møt opp i dette tidsrommet.

Me tilbyr også vaksine mot pneumokokk (lungebetennelse), og vaksinasjonsdag vil bli sett seinare.  Time til dette kan førehandstingast på vaksinasjonsdagane for influensa/koronavaksinering.

Kan ein ikkje ta vaksine mot korona og/eller influensa 7. eller 8.november mellom klokka 09:00 og 14:30, kan ein få influensa-/koronavaksine den dagen det blir vaksinert mot pneumokokk. 

Ved spørsmål, kontakt Lærdal helsesenter på tlf 57 66 95 00.

Koronavaksine er gratis. For influensavaksine kostar det 100 kr., denne prisen er sett sentralt. Ein kan betala kontant ved oppmøte.

Les meir om dei ulike vaksinane på Folhelseinstituttet sine nettsider ved å klikka her.