Hans Gjesme, Medpasient vaskar seg, ant. 1956, GJS 457, foto: SFKM

Gjennom 16 år som tvangsinnlagt pasient på Gaustad psykiatriske sjukehus, skapte Lærdalskunstnaren Hans Gjesme hundrevis av verk. I utstillinga «Gal og genial?» tek Sogn Kunstsenter publikum med innafor gjerda og inn i liva til dei som levde og jobba på sjukehuset.  

Kva skjer når du er i vinden, held utstillingar og får omtalar i avisene, og så vert lagt inn på psykiatrisk sjukehus med tvang? For Hans Gjesme (1904-1994) såg ei lovande karriere tilsynelatande ut til å stoppe opp. I 1955 vart det brått slutt på utstillingane. Biletkunstnaren forsvann frå offentlegheita. Gaustad vart hans nye heim.  

Paranoid schizofren

Inne på sjukehuset i Oslo jobba Gjesme likevel vidare. Noko av det han skapte, kan du sjå på Sogn Kunstsenter her i Lærdal i sommar. Utstillinga viser nærare 100 verk frå dei 16 åra bak lukka dører. Fleirtalet av bileta har aldri vore vist fram offentleg før. Dei viser ei ukjend side av Gjesme sin kunstnarskap, og gjev eit sjeldan innblikk i norsk psykiatrihistorie frå 1950- og 60-åra. 

Hans Gjesme lei av paranoid schizofreni, ein sjukdom der det til tider er vanskeleg å skilje kva som er verkeleg og ikkje. I periodar var han tungt medisinert, elektrosjokk var òg ein del av behandlinga. I denne tilstanden, ofte med det han sjølv skildra som «styggen på ryggen», skapte han sterke og kjenslevare bilete av pasientar, tilsette, seg sjølv, landskap, jordbruk og arkitektur. 

Mange av verka senteret stiller ut, er bilete av einsame og apatiske medpasientar. Gjesme skildra lutrygga menneske åleine på tur i parken, som stirar lengselsfullt ut av glaset og som kviler. Livet inne på avdelinga ga òg motiv. Slik som ei julepynta daglegstove, pasientar i gangen, gruppeterapitimar, menn som les og spelar kort og sjukepleiersker i arbeid. 

Langvarig arbeid

Ikkje minst viser utstillinga korleis psykisk uhelse kan formidlast gjennom biletekunst. Gjesme viser fram smerta, angsten og visjonane han hadde som følgje av diagnosen og livet på institusjon. 

Kurator for utstillinga, kunsthistorikar Ingrid Norum ved Sogn og Fjordane Kunstmuseum, har forsøkt å undersøke myten om den gale og geniale kunstnaren. Utstillinga er resultatet av eit langvarig forskingsarbeid knytt til Gjesme sitt kunstnarskap som psykiatrisk pasient. Norum har lest brev, intervjua folk i Gjesme sin krins, studert kunsten hans frå perioden, besøkt Gaustad sjukehus, sett seg inn diagnosen hans og korleis pasientar levde på Gaustad. Alt for å auka innsikt i korleis Gjesme sitt kunstnarskap vart prega av sjukdomen. 

Utstillingsopninga er 14. juni kl. 17. Les meir om utstillinga og Hans Gjesme på nettsida til Musea i Sogn og Fjordane ved å klikka her.

Hans Gjesme, Den svarte fuglen frå fjernhypnotisøren over Gaustad, 1956, GJS 1634, foto: SFKM
Hans Gjesme, «Styggen på ryggen», 1956-59, frå skisseboka GJS 1638, foto: SFKM

2024 blir eit spesielt år

Gjesmesamlinga vart gitt i gåve frå Hans Gjesme til Lærdal kommune 5. mars 1994, for 30 år sidan i år. Gjesme døydde tre veker ettar at gåvebrevet var underskrive. 

I avtalen som vart inngått pliktar Lærdal kommune seg blant anna til å lagra samlinga forsvarleg med omsyn til tjuveri og brann, ta hand om gåva på ein god fagleg måte. halda samlinga heil og gjere den tilgjengeleg for ålmenta på permanent basis. 

Gjesmesamlinga vart fyrst vist fram i Gjesmegalleriet på Telegrafen i 1998. Det vart innleia eit samarbeid med Sogn og fjordane kunstmusem, seinare Musea i Sogn og fjordane, om forvaltning og formidling av samlinga.

I 2011 stod Sogn kunstsenter ferdig. Senteret vert drifta av Lærdal kommune med kunstfagleg bistand frå Musea i Sogn og fjordane. Kurator Ingrid Norum har arbeida med Gjesmesamlinga i over 20 år og årets utstilling starta ho planlegginga av tilbake til 2021. I arbeidet med utstillinga har det komme fram nye innsikter i Gjesme sitt kunstnarskap og liv, i tillegg til at fleire av verka har blitt registrert. Verka består no av 1761 registrerte verk, men samlinga totalt består av 3-4000 verk. Utstillinga “Gal og genial?” kjem til å stå i Sogn kunstsenter både i år og til neste år.

Ikkje berre er det 30 år sidan kommunen tok over kunstsamlinga, men Gjesme hadde også blitt 120 år i år. Difor er det ei særskild markering av Gjesme i 2024. Utstillinga “Gal og genial?” blir utgangspunkt for fleire føredrag og arrangement der me set Gjesme sitt liv og virke i ein større samanheng knytt til tema psykisk helse.