Det er løyv kr 2 922 135 til årleg drift, og kr 1 162 703 til investeringar. Dette utgjer ei samla løyving med kr 4 064 975  til landbruket i verdsarvområde i Nærøyfjorden.Liste over tildelte midlar finn du her.

Tilskotsordninga er forvalta i tråd med Forskrift om tilskudd til tiltak i Utvalgte kulturlandskap i jordbruket og verdensarvområdene Vegaøyan og Vestnorsk fjordlandskap, og Tiltaksplan Vestnorsk Fjordlandskap – kulturlandskapet.

Tilskotsordninga som er etablert for å styrka landbruket i Vestnorsk Fjordlandskap, er svært viktig for å ha eit aktivt landbruk her. Det er svært positivt at nasjonale myndigheiter prioriterer midlar til landbruket i verdsarvområde. Likevel ser me at det er behov for auka ramme for å støtte planlagde investeringar i tillegg til å støtte årleg drift. 

Bøndene i Nærøyfjordområde legg ned ein god og viktig innsats for å ta vare på, og bruke naturressursane i område, til produksjon av mat. Arbeidet dei gjer, er og til glede for tilreisande og fastbuande.

 All honnør for innsatsen!