Lærdal kommune har i nokre år hatt avgrensa kapasitet til å drive byggjetilsyn, og har difor no engasjert Sogn Brann og redning til å utføre byggjetilsyn for kommunen. Tilsyna vert ei blanding mellom tilfeldige stikkprøvar og innmeldte saker frå kommunen etter prioritert liste.  Prioriteringar vert gjort slik:

1. Saker med mogleg fare for liv og helse, miljø og sikkerheit
2. Ulovlege tiltak
3. Tilsyn før bruksløyve/ferdigattest
4. Føretak med gjentekne manglar i søknadsprosessen.
5. Tilgjengelegheit
6. Fylgje opp vilkår i løyve
7. Avlaupsanlegg
8. Universell utforming i offentlege/publikumsbygg

Det vil bli utførd byggjetilsyn både for bustadar. fritidsbustadar, næringsbygg og anna, og byggjetilsynet kan og utføre kontroll av massedeponi/-uttak, ureiningssaker m.m. Byggjetilsynet vil ha ulike fokusområder som verneområdet på Lærdalsøyri, tiltak i Lærdalselva, tiltak i strandsona m.m. men tilsyna vil over tid føregå i heile kommunen. 

Er du usikker på om eit tiltak du har gjennomførd er lovleg, i tråd med løyver eller ikkje søkt om?  Ta gjerne kontakt med oss så snart som råd, så kan me bistå i vurderingar og eventuelle naudsynte søknadsprosessar. I ein del tilfelle kan ein løyse sakene før det vert tilsynssaker og mogleg ulovlegheitsoppfølging, og kommunen er oppteken av det førebyggjande arbeidet med rådgjeving, informasjon og rettleiing.  Ta gjerne kontakt med vår byggjesakshandsamar Arnt Otto Øygarden (tlf. 94002469/epost: arnt.otto.oygarden@laerdal.kommune.no) eller arealplanleggjar Monika Lysne (tlf. 90516686/epost: monika.lysne@laerdal.kommune.no).