Å møte andre i same situasjon, kan ofte gjere kvardagen enklare for deg sjølv og dine næraste.  Dagtilbodet er tilrettelagd slik at du skal få ein meiningsfylt kvardag med sosialt samvere, og oppleve meistring gjennom deltaking i ulike aktivitetar i trygge omgjevnader.  Å vere i aktivitet syner seg å ha ei god helsemessig vinst!
Målsetjinga er å gje eit tilbod på dagtid som kan føre til auka livskvalitet og mogelegheit for den demensråka å bli buande heime lengst mogeleg. Samt vere ein avlastning og støttespelar for pårørande.

Tilbodet er kvar tysdag og torsdag kl. 10-14 i aktivitetstova, Lærdal bu- og omsorgsheim