Høyringsperioden er fram til 17.februar 2025. 

Kort om planen

Føremålet med planen er å leggja til rette for deponering av overskotsmassar frå oppgraderinga av Lærdalstunnelen. Planområdet er lokalisert på Bjørkum langs E16. Planen femnar om eigedomane 3/1, 3/2, 3/4, 3/5 og 3/6. Arealet har tidlegare vore nytta som masselager og massetak. 

Det vert vist til planframlegget med illustrasjonar og teikningar for fleire opplysningar. 

Viktige saksdokument:

Sakspapir frå møte i Utval for miljø og samfunnsutvikling

Planomtale

Plankart

Føresegner

Merknad

Planframlegget er lagt ut til offentleg ettersyn på Rådhuset og på heimesida til kommunen. 

Dersom du har merknader, må du senda desse til Lærdal kommune, Øyraplassen 7, 6887 Lærdal, eller på e-post til post@laerdal.kommune.no. Frist for å koma med merknader er sett til 17.februar 2025. 

Du får ikkje svar på merknaden din, men alle merknader vert lagt inn i den vidare handsaminga av planen. Innspel som vert sendt inn blir offentleg tilgjengelege på nettsida, med mindre dei inneheld sensitive data. Dersom du nyttar e-post, vil e-postadressa di verte offentleg tilgjengeleg. 

Spørsmål kan rettast til: 

E-post: sissel.oye@laerdal.kommune.no

Telefon: 915 78454