Du loggar inn på eDialog ved å klikka på denne lenkja.
- Tenesta krev sikker identifisering som tildømes bankID
- Data blir overført kryptert
- Det gir ein sikker identifikasjon av avsendar
- Dokument blir sende elektronisk og mottekne direkte i vårt system
- Vi sparar tid på postgang og postregistrering
Du kan nytta eDialog om du
- skal senda post med konfidensielle opplysningar
- skal senda dokument til eksisterande sak
- skal senda andre dokument til sakshandsaming eller journalføring
Du skal ikkje nytta eDialog om
- kommunen tilbyr eigne elektroniske skjema til føremålet
- du har generelle førespurnader. Då kan du senda e-post
Nyttig å vite når du fyller ut skjema
- Gi god omtale av kva sendinga gjeld i tittel. Har du saksnummer frå Lærdal kommune, skriv dette inn saman med tittel på innsendinga
- Din kommentar blir lagt inn som eit eige vedlegg til sendinga
- Vurder om sendinga inneheld personsensitive opplysningar
- Last opp naudsynte vedlegg
- Du vil få ei kvittering i nettlesar og sendt til e-postadressa di med referansenummer for sendinga
Du kan svare fylkeskommunen via eDialog
Om Lærdal kommune sender brev til deg via Altinn, Digipost eller e-Boks, vil du i oversendinga sjå lenka til eDialog-skjema "Svar på denne forsendelsen".
Der du kan fylle ut, laste opp vedlegg og sende tilbake. Svaret blir sendt direkte inn i sak-/arkivsystemet på rett sak.