I starten av inneverande kommunestyreperioden vart utval for levekår og utval for miljø og samfunnsutvikling oppretta. Hovudargumentet var større og breiare politisk innverknad og engasjement, samt grundigare handsaming av sakene.

Slik har det også vorte fordi med desse to utvala har til saman 22 politikarar site i dei til saman fire politiske organa som har endeleg politiske avgjerdsmynde – før utvalsmodellen vart innført i 2019 var det berre dei 17 kommunestyrerepresentantane som sat i slike organ (kommunestyret sjølv og formannskapet, som spring ut frå kommunestyret).

Så sette kommunestyret i februar i år ned ei arbeidsgruppe for å evaluera utvalsmodellen – gruppa har bestått av to representantar frå kvart av dei to utvala, og som til saman dekkjer alle dei fire partia i kommunestyret. Samstundes vart det framheva at prosessen skal vera open, og at alle kan gje høyringsuttale.

Utval for miljø og samfunnsutvikling har flest saker som blir handsama etter plan- og bygningsmiljø, pluss altså ein del saker innan klima og miljø. Utval for levekår har saker innan helse og omsorg, oppvekst og kultur.

Arbeidsgruppa sitt framlegg vart å leggja ned utval for levekår. Hovudargumentet deira var at utvalet har hatt relativt få vedtakssaker og at desse kan liggja til formannskapet i framtida – samstundes som ein vil styrkja ungdomsrådet og råd for eldre og menneske med nedsett funksjonsevne.

Vidare føresler arbeidsgruppa at utval for miljø og samfunnsutvikling held fram og får noko utvida arbeidsområde, det vil seia at forvaltingssaker innan landbruk blir teke inn i utvalet. Heile vurderinga til arbeidsgruppa og den avsluttande konklusjonen – som inneheld fleier punkt – kan du lesa ved å klikka her.

Utval for levekår har i sin høyringsuttale støtta arbeidsgruppa sine konklusjonar med fleirtalsvedtak, utval for miljø og samfunnsutvikling og formannskapet har i sine uttalar støtta konklusjonane med samrøystes vedtak - sjå heile saka ved å klikka her.

Andre som ønskjer å gje høyringsuttale i saka må senda dette til: post@laerdal.kommune.no innan 12. juni.

Endeleg vedtak blir gjort i kommunestyret 15. juni.