Tabula Rasa er eit bergensbasert vokalensemble med mål om å fremja ny klassisk vokalmusikk. Vokalensemblet jobbar med improvisasjon og teatrale verkemiddel for å skapa konseptuelle konserter og førestillinger, og har sidan 2017 utvikla og medverka til ei rekkje prosjekt. 

Stavkyrkjesong - Om dette rommet kunne syngje - er eit samarbeid mellom vokalensemblet Tabula Rasa, komponist Jostein Avdem Fretland og scenograf Matias Askvik. I dette prosjektet består ensemblet av Sigrun Jørdre, Rikke Lina Sorell Matthiesen, Zsuzsa Zseni, Arild Rohde og Jakub Niedziela.  

Prosjektet er basert på eit tingingsverk der komponisten i ei rekkje stykke utviklar ein polyfoni for stavkyrkjene. Komponisten og ensemblet vil saman utvikla ein konsert der tingingsverket vert fletta saman med folkemusikk, tidlegmusikk og improvisasjonar. 

Med scenograf Matias Askvik vil dei jobba i dialog med dei eldgamle stavkyrkjeromma for å skapa eit lydrom der publikum kan tre ut frå kvardagen og inn i ein tilstand der mange lag av tid eksisterer side om side. Eit rom utanfor tida. 

Stavkyrkjesong skal spelast i stavkyrkjer og kyrkjer i Sogn og Bergen: 

  • 8. juni: Borgund stavkyrkje kl 19.00 og 20.30 
  • 9. juni: Kaupanger stavkyrkje kl 20.00 
  • 10. juni: Hauge kyrkje, Lærdal kl 14.00 
  • 10. juni: Hopperstad stavkyrkje kl 19.30 
  • 11. juni: Mariakirken kl 14.30 

Konserten er støtta av Kulturrådet, Det norske komponistfond, Lærdal kommune, Bergen kommune og Vestland fylkeskommune.