Høyringsinstansar er rådsorgana i barnehagar og skular, tilsette og andre som har interesse i saka. Høyringsperioden er sett til fire veker med frist for å gje høyringsuttale måndag 15.mai. 

Bakgrunn 

Dagens kommunale vedtekter for skulefritidsordninga vart sist reviderte i 2018. Revisjon av dei kommunale vedtektene for SFO vert gjort med bakgrunn i endringar i nasjonale og kommunale ordningar: 

  • Gratis heildagstilbod på SFO for 1.trinn 
  • Gratis 12 timarstilbod for 2.trinn frå august 2023 
  • Rammeplan for SFO 

Innhald 

Kommunale vedtekter for SFO skal sikra informasjon som gjev føresette grunnlag til å vurdera innhald og kvalitet i høve til pris. I tillegg skal vedtektene setja rammer som sikrar at tilbodet er føreseieleg. Kommunalt vedtekne vedtekter er forskrift som gjev rammer og regulerer SFO-tilbodet i kommunen. 

Punkt som vedtekter for SFO skal regulere, jf. opplæringslova § 13-7: 

a. eigarforhold 

b. kven som er opptaksmyndigheit 

c. opptakskriterium 

d. opptaksperiode og oppseiing av skolefritidsplassen 

e. foreldrebetaling 

f. leike- og opphaldsareal 

g. dagleg opphaldstid og årleg opningstid 

h. bemanning og leiing 

Høyringa 

Høyringa skal gje moglegheit for føresette, born og tilsette til å seia si meining. Alle kan senda inn høyringsuttale. Uttalen kan vera privat, eller ei samla uttale frå t.d. rådsorgan som FAU, elevråd eller liknande.  

Høyringsbrevet vert sendt til leiinga ved alle barnehagar, skular og til hovudtillitsvalde. Me ber om at barnehage- og skuleleiinga og tillitsvald formidlar høyringsbrevet vidare til rådsorgan (FAU, SU, elevråd) og plasstillitsvald og tilsette i eiga eining. Høyringsuttalar kan sendast rådgjevar kultur og oppvekst på camilla.grottebo@laerdal.kommune.no innan frist måndag 15.mai 

Framlegg til endring av vedtekter med høyringsuttalar vert behandla politisk i Formannskapet. Saka vert endeleg vedteke i kommunestyret.