Kommunen er pålagd gjennom Plan- og bygningslova å utarbeide ein samla kommuneplan, som skal innehalde ein samfunnsdel og ein arealdel. Kommunen kan i tillegg utarbeide kommunedelplanar for bestemte område eller temaplanar. Kommunestyret i Lærdal kommune vedtok Kommunal Planstrategi i juni 2021, der det går fram at det skal lagast ein kommunedelplan for tema: helse, omsorg og folkehelse.  Føremålet med planarbeidet er å få på plass eit overordna styringsdokument for helse, omsorgs og folkehelsesektoren i Lærdal kommune. Planen skal konkretisere korleis ein skal utvikle, organisere og drifte denne sektoren for å nå måla i kommuneplanen. Planen skal gje tydelege prioriteringar, noko som gjer kommunen føreseieleg i dialog med omverda. Gjennom medverknad i planprosessen ynskjer ein å oppnå eit eigarskap til bygging og utvikling av denne sektoren i kommunen hjå innbyggarar, politikarar, administrasjon og frivillige lag og organisasjonar.

Kommunestyret vedtok i møte 16.06.22 oppstart av planprosessen, og la samstundes planprogrammet ut til høyring og offentleg ettersyn. Planprogrammet er ei skildring av korleis planprosessen skal føregå. Alle kan senda inn innspel til planarbeidet, kommentarar på planprogrammet, idear til helsearbeidet til kommunen osv. Alle innspel vert å senda til epostmottaket til kommunen: post@laerdal.kommune.no eller med post til Lærdal kommune, Øyraplassen 7, 6887 Lærdal.  Frist for å koma med innspel er sett til 05.september 2022.

Les framlegg til planprogram her (trykk på lenka)

Les sakspapir frå møte i kommunestyret her (trykk på lenka)

Kontaktperson for planarbeidet er rådgjevar for Helse og Omsorg Åge Bøyum.