Høyring om lokal forskrift skulereglar og skuledemokrati i grunnskulane i Lærdal

Som følgje av ny opplæringslov § 10-7 skal kommunen ha lokal forskrift om organisering av skuledemokrati, om rettar og plikter for elevane, mellom anna om orden og åtferd (skulereglar). Organiseringa av skuledemokratiet er regulert i ny opplæringslov § 10-5.

Hovudlinjene i dei noverande orden -og åtferdsreglementa ved skulane vert vidareført i forslaget til ny forskrift som i framlegget har endra navn til forskrift om skulereglar og skuledemokrati i Lærdal kommune. Grunnskulane i Lærdal har tradisjonelt hatt streng regulering av mobilbruk over fleire år med blandt anna mobilhotell i ungdomsskulen. Reguleringa av mobilbruk vert vidareført i tråd med dei nye nasjonale retningslinjene frå Utdanningsdirektoratet om mobilbruk i skulen. Dei føreslegne regla om skuledemokrati vidarefører gjeldande organisering med elevråd, arbedsutval (FAU), samarbeidsutval (SU) og skulemiljøutval (SMU)

Skulane kan lage eigne reglar tilpassa den einskilde skule gitt at reglane er innanfor ramma og føringane i felles forskrift. I arbeidet med reglane på den einskilde skule er det viktig at elevane får medverke. 

Kommunedirektøren oppmodar særleg samarbeidsutvala ved skulane og fagforeiningane om å gje innspel.

Les framlegget til ny lokal forskrift om skulereglar og skuledemokrati i grunnskulane i Lærdal.

Forskrift om permisjon i grunnskulane i Lærdal

Lærdal kommune har i dag ikkje eige reglement eller forskriftfesta praksis for permisjon frå den pliktig grunnskuleopplæringa, men følgjer retningslinjene som følgjer av lovverket. I ny opplæringslov står det at kommunen må vedta eiga forskrift om permisjon i grunnskulen.   

  • Kommunedirektøren føresler at maksimalgrensa for permisjon i noverande opplæringslov – to veker (10 skuledagar) i løpet av eit skuleår – vert vidareført i kommunal forskrift.
  • Framlegget til forskrift gjev føringar for kva som skal vurderast når det vert søkt om permisjon (fri) frå skulen og kven som har mynde til å innvilga permisjon (fri).
  • Permisjon kan kun innvilgast dersom skulen meiner permisjon er forsvarleg. Dette er eit krav i opplæringslova. 
  • Eit føremål med forskrifta er å redusera skulefråvær slik at elevane lærer mest mogleg.
  • Framlegget opnar for noko fleksibilitet i handsaminga av søknadar om permisjon.

 

Kommunedirektøren oppmodar særleg samarbeidsutvala ved skulane og fagforeiningane om å gje innspel.

 

Les framlegget om ny forskrift om permisjon i grunnskulane i Lærdal

Forskrift om hovudmål i grunnskulane i Lærdal

  • Kommunen har plikt til å vedta forskrift om hovudmål på den einskilde skule.
  • Hovudmål er det språket som skal brukast av elevar og tilsette i den skriftlege delen av opplæringa (skriftleg informasjon frå lærar, lærebøker og andre læremiddel, oppgåver, i den skriftlege kommunikasjon med føresette osb.).
  • Kommunedirektøren føresler at nynorsk som hovudmål vert vidareført for alle grunnskulane.

 

Kommunedirektøren oppmodar særleg samarbeidsutvala ved skulane og fagforeiningane om å gje innspel.

Les framlegg om ny forskrift om hovudmål i grunnskulane i Lærdal