Økonomiplanen fastset planlagde inntekter og utgifter for dei fire komande åra og består av to hovuddeler - drift og investeringar. Budsjettet er det første året i økonomiplanen.

I driftsdelen kan ein altså sjå kor mykje kommunen planlegg å bruka til å drifta dei ulike einingane og elles og kva ein kalkulerer av inntekter - ved å gå inn i investeringsdelen ser ein kva kommunen planlegg å investera i og for kor mykje, samt korleis dette skal finansierast.

Her finn du økonomiplanen og budsjettet

Sjølv om økonomiplanen går over fire år blir den vedteken og justert årleg - altså kan ei planlagt investering fire år fram i tid bli justert fleire gonger når nye økonomiplanar blir vedtekne. 

Lærdal kommune nyttar den digitale løysinga Framsikt til å utarbeida og publisera Økonomiplanen.

Klikk på denne lenkja for å sjå alt innhald i økonomiplanen 2024-2027.

Klikk på denne lenkja for å koma rett til dei ulike tabellane med oversikt over inntekter og utifter i økonomiplanen 2024-2027.