“Jamt over er det svært gode resultat for Lærdal i borgarundersøkinga 2023”, er innleiinga i rapporten frå Sentio Research Group.

I siste halvdel av november gjennomførte Lærdal kommune ei innbyggjarundersøkjing - eller ei borgarundersøkjing, om ein vil. Dette er ei standardisert undersøkjing som mange kommunar har gjennomført før, altså med akkurat dei same spørsmåla og svaralternativa. Så var det tre lokale tilleggsspørsmål i undersøkjinga i Lærdal.

I Lærdal svarde 551 innbyggjarar på spørsmåla, som vart sende ut via lenkje i ein SMS. Til saman fekk 1071 innbyggjarar ein slik SMS, noko som tyder at 52 prosent svara. Dette blir i rapporten frå Sentio omtalt som svært god respons, og det bidreg til eit meir representativt resultat enn om færre hadde svara.

- Difor vil me takka innbyggjarane for at så mange tok seg tid til å svara, seier kommunedirektør Gunn Lerøy.

Rapporten og analysen frå undersøkjinga kjem opp som orienteringssak i kommunestyret 13.desember. I etterkant av det blir heile rapporten og analysen publisert her på Lærdal kommune si nettside. 

Men hovudresultata er som følgjer:

- Borgarskåren er den totale vurderinga av korleis respondentane vurderer at det er å bu og leva i Lærdal. Maks poengsum er 100, Lærdal får 82 her. Landssnittet for borgarskåren er 72, og snittet for kommunar med færre enn 5000 innbyggjarar er 68. Såleis ligg Lærdal langt over snittet her. Eit resultat på 80 eller meir blir karakterisert som “framifrå” på skalaen i analysen, det høgaste nivået i ein sekstrinns skala.

- Tenestetilfredsheit er eitt av to sokalla samlemål. Det er ein poengsum som fortel korleis respondentane samla har vurdert dei kommunale tenestene og tilbod og moglegheiter i Lærdal. Her er poengsummen 70 (av 100). Landssnittet er 64 og snittet i kommunar med færre enn 5000 innbyggjarar er 63. Eit resultat på 70 eller meir blir karakterisert som “god” på skalaen i analysen, det nest høgaste nivået i ein sekstrinns skala.

- Omdøme er det andre av dei to sokalla samlemåla. Det er ein poengsum som fortel korleis respondentane samla har vurdert tryggleik i kvardagen, demokrati, kommunen som organisasjon og også her ligg tilbod og moglegheiter i kommunen inne. Her er poengsummen 77 (av 100). Landssnittet er 66 og snittet i kommunar med færre enn 5000 innbyggjarar er 65. Eit resultat på 70 eller meir blir karakterisert som “god” på skalaen i analysen, det nest høgaste nivået i ein sekstrinns skala.

Når borgarskåren ligg høgare enn tenestetilfredsheit og omdøme er det fordi det ligg inne eit samleparameter til bak borgarskåren - tilhøyrsle og tilknyting. Her kjem Lærdal då svært godt ut, det vil seia at respondentane føler sterk tilhøyrsle i og tilknyting til bygda.

- Me er sjølvsagt godt nøgde med desse resultata. Så er det klart at resultata varierer innan ulike område, og det vil det alltid gjera. Me må sjå spesielt nøye på dei ulike resultata for dei kommunale tenestene, men også andre einskildresultat er viktige for - fordi ein kommune kan påverka og stimulera på mange felt utover dei kommunale tenestene. Første steg i arbeidet vidare med dette blir å presentera resultata for politikarane, seier kommunedirektør Lerøy