Les med meg! er eit nytt tilbod i Borgund barnehage.

Dette er eit sokalla bokposebibliotek og fungerer slik at born og foreldre kan låna med seg ein bokpose heim i tre veker. I posen ligg det tre bøker som er tilpassa aldersgruppa barna er i. Bokposebiblioteket er eit samarbeid mellom Lærdal folkebibliotek og barnehagen, der biblioteket syter for bøker og posar og barnehagen administrerer utlånet og gjer posane tilgjengeleg slik at det er enkelt for barn og foreldre å låna dei.

Målet er å gjera bøkene lettare tilgjengelege slik at alle born kan få oppleva gleda ved bøker og høgtlesing. Barnehagane er allereie flinke til å bruka bøker aktivt i samlingsstunder og ellers i løpet av barnehagedagen, men me veit også at mange ikkje har like god tilgang til bøker heime. Difor kan dette tilbodet vera med på å senka terskelen. 

Tilbodet vart høgtidleg opna på Borgund no tysdag, og i august vert det også oppretta eit bokposebibliotek i Lærdalsøyri barnehage.

Bokposebiblioteket er ein del av eit leselystprosjekt som heiter Leselyst med dei minste og som er støtta av Nasjonalbiblioteket og administrert av Vestland fylkeskommune. Lærdal folkebibliotek er berre eitt av fleire bibliotek i fylket som set i gang tilbodet med bokposebibliotek i barnehagane.

I tillegg skal biblioteket aktivt oppsøkja barnehagane og tilby lesestunder og bokkasser og det er inngått eit samarbeid med helsestasjonen om auka fokus på lesing og språkutvikling.