Lærdal folkebibliotek skal over på nytt IT-system og tek difor ein forlenga sommarferie for å få dette på plass. Det vil ikkje vere mogeleg å låne bøker, reservere eller søkje i bokbasen medan dette arbeidet går føre seg. Det vil vere mogeleg å levere inn bøker i luka ved døra. Biblioteket vil opne att tidlegare om det er mogeleg, men ein må rekne med at arbeidet fort kan ta tida fram til skulestart. Me håpar brukarane våre vil vere tolmodig, og nytte høvet til å låne mykje bøker i dagane før me stenger.

Me vil også minne om dei andre utlånstilboda våre som Bok i butikk på Borgund, Lesekiosken ved Telegrafen  og e-boktenesta BookBites. Her har me kjøpt inn mykje spennande, nye e-lydbøker som de har høve til å lytte til i sommar. I tillegg vert det eit stort Bokloppemarknad på Telegrafen i heile juli, her kan du finne mange gode bøker til ein svært låg pris.