Kvart år deler Lærdal kommune ut kultur- og idrettsstipend for ungdom. For 2024 gjekk stipendet til Kjersti Fagerlund for innsatsen ho legg ned i Tønjum skyttarlag.

Stipendet med tilhøyrande blomebukett vart utdelt i kommunestyret 20.juni av ordførar Audun Mo, som kunne seia følgjande om grunngjevinga:

«Stipendmottaker har vore aktiv i Tønjum skyttarlag i heile 15 år. Ved sidan av å vera aktiv skyttar sjølv, har ho engasjert seg stort i arbeidet i skyttarlaget, og vart ved årsmøtet 2023 vald som ungdomsleiar. Ho er også styremedlem i Sogn Indre samskyttarlag. Stipendmottakaren legg i søknaden vekt på at ho gjennom desse vera kan vidareføra kunnskapen sin til komande skyttarar.

Vidare har mottakaren av årets stipend kome på 3.plass i NM grovfelt, det skjedde under fjorårets landsskyttarstemne, og er truleg den største prestasjonen gjort av ein seniorskyttar i Tønjum skyttarlag.

Når utval for levekår vedtek kven som får stipendet, skal det leggjast særskild vekt på følgjande faktorar: resultat, røynsle, bakgrunn, utsikter til vidare framgang og vidare planar. Årets mottakar av stipendet tikkar av på alle boksane, og har eit solid engasjement i drifta og nyrekrutteringa i skyttarlaget i tillegg.

Når me også veit at skyting er ein idrett med til dels høge utgifter føler me oss trygge på at dei 10 000 kronene kjem godt med for vidare satsing og vidare engasjement. Med det gratulerer me Kjersti Fagerlund så mykje som mottar av Lærdal kommune siitt kultur- og idrettsstipend for ungdom 2024!»