SPINDEL DUO, søndag 29. oktober kl. 14.00

Lærdal kulturhus

Sigrid Moldestad og Liv Merete Kroken utgjorde halvparten av det aller første studentkullet ved Ole Bull Akademiet seint på 90-talet. Dei fann tonen, og eit varig venskap både med og utan fele oppstod. Spindel duo var eit faktum, og gjorde stor lukke med sine friske tolkingar av slåttar frå Vestlandet og særleg Nordfjord. Årevis med samspel seint og tidleg har resultert i unikt og tett samspel. Etter ein del svært aktive år, med oppdrag i store og små format og to plateutgjevingar, Spindel (2021) og Aminje (2007), fekk Sigrid Moldestad det travelt med solokarriere medan Liv Merete Kroken hadde musikken som hobby. 

Dei siste åra har dei funne tid og ikkje minst lyst til å ta opp att Spindel duo-spelet, til glede for seg sjølv og alle som er glade i godt slåttespel. Då dei markerte sine første 20 år som duo, snakka dei om ei 20 år gamal musikalsk forelsking, men vi vågar påstanden: Spindel duo – det er ekte musikalsk kjærleik!

Konserten er arrangert av Vestafolk med støtte frå Vestland fylkeskommune, Norsk kulturfond og Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane.

Billettar er til salgs på Ticketco

 

TRIO LÆRDAL, fredag 03. november kl. 19.00

Lærdal kulturhus

Trio Lærdal spelar folkemusikk frå Lærdal. Trioen såg dagens lys i 2018 då den kjende trekkspelaren Tom Karlsrud slo seg saman med gitaristen Gudmund Bolstad Skjær og folkesongaren Liv Ulvik. Dei to siste er tremenningar og kjem frå kvar sin nabogard i Lærdal. Saman spelar dei folkemusikk, med fart og driv, med naturlengt og vedmod, med slåttetralling 

og dansetakt. Tom Karlsrud - toradar, Lik Ulvik - song, Gudmund Bolstad Skjær – gitar

Billettar er til salgs på Ticketco

 

KAFÈKONSERT, tysdag 7.november kl 18.30

Frilund ungdomshus

Lærdal musikklag ynskjer velkommen til kafèkonsert i Frilund, ungdomshuset på Øyri, tysdag 7. november. Med oss på konserten vert Årdal og Lærdal trekkspelklubb.

Det vert servert kaffi, te, brus og kaker. Og variert musikk får trekkspelklubben og musikklaget. Me loddar ut nokre premiar på inngangsbilletten, og du kan og få kjøpa Lærdalskalenderen 2024.

Velkommen til ei koseleg stund i Frilund, med musikk, mat og prat!

InngangVaksne: kr 100 -inkl servering og lodd - born under 12 år gratis

 

SLÅTTESPEL PÅ TREKKSPEL, søndag 19.november

Stad og tid vert annonsert snart

Tom Karlsrud og Ole Nilssen har spelt i lag i fleire år – og dette er deira første konsert som duo! Trekkspelet har vore og er eit mykje nytta instrument i tradisjonsmusikken frå Sogn og Fjordane, og to av våre fremste utøvarar skal boltre seg i springar, halling, salmetoner og valsar – på store og små trekkspel.  

Billettar kjem på TicketCo

 

Andre konsertarrangement:

4. november - Musikk og poesi, Postaabneriet pub og kafe. 

29. november - Julekonsert i Hauge kyrkje med Julesong

12. desember - Lang desember natt med Aasmund Nordstoga og Frode Alnæs i Hauge kyrkje.