Denne veka var 40 studentar innan landskapsplanlegging ved Høgskulen på Vestlandet på ekskursjon til Lærdal og hovudsakleg Gamle Lærdalsøyri.

- Fordi det ligg i kort avstand til Sogndal og er eit godt eksempel på korleis ein kan ta vare på kulturminne på ein levande tettstad. Mange av desse studentane kjem til å bli kommunale planleggjarar, seier Lange Vik, som altså er førsteamanuensis ved institutt for miljø og biovitskap.

- Veldig nøgde

Dei brukte heile onsdag denne veka i Lærdal, og hadde altså synfaring på Gamle Lærdalsøyri, føredrag og gruppediskusjonar i kultursalen.

- Dei lærde om viktige avvegingar ein må gjera når ein forvaltar kulturminne slik ein gjer i Lærdal, og om konfliktar som kan oppstå når det er snakk om tilpassing til moderne bruk. Og dei lærde om historikken; kva posisjon Lærdal har hatt som knutepunkt mellom Bergen og Oslo. I tillegg fekk dei innføring i skilnaden mellom planleggjarrolla og politikarrolla i kommunalt styresett.

Løytnantsbryggja må sjølvsagt synast fram.
Løytnantsbryggja må sjølvsagt synast fram.

- Kor nøgde er de med dagen i Lærdal?

- Veldig nøgde, studentane var tydeleg slitne då me reiste heim. Det er eit godt teikn, då har dei fått brukt seg godt og truleg lært noko. 

Mellom andre ordførar Audun Mo, landbrukssjef Magnhild Aspevik og HVL-dosent Jan Olav Fretland - som og har hatt ulike rollar knytt til kultur og historie i Lærdal kommune - deltok med føredrag og/eller guiding frå lokalt hald.