Elevbedrifta «On fire» lagar tennbrikettar av gamle lys, og dei vann prisen for beste stand. I tillegg vann «Thriftinglaerdal» berekraftsprisen – dei har hatt ein bruktbutikk med først og fremst brukte klede på Gamle Lærdalsøyri i vår.

- Det er heilt fantastisk. Dei har jobba veldig hardt med dette. Og dei har funne fram til gode idear. Då er det veldig kjekt å sjå at dei får prisar, seier kontaktlærar for 9.klasse, Øystein Lindesteg Rinde.

Frå Lærdalsøyri skule deltok dessutan «Doktor Grønnsak» på Entreprenørskapsmessa i Sogn; deira elevbedrift gjekk ut på korleis ein kan nytta råvarer som elles fort ville ha vorte kasta - til dømes på grunn av utgått dato - til mat. Også det ein utvilsamt svært viktig tematikk.    

Messa vart arrangert i Blixhalli i Vik kommune tysdag 25. april. Hovudmålet med messa er å presentera entreprenørskapsarbeid for alle 8. klassane i regionen, der dei får sjå og læra av elevbedrifter frå 9. klasse. I tillegg er målet at elevane skal få kjennskap til regionalt arbeids- og næringsliv gjennom bedriftsbesøk og føredrag med ein lokal gründer.

Aletta Rumohr, Anna Grøndal, Ida Charlotte Netland og Viljar Dalland vann berekraftsprisen med elevbedrifta si
Aletta Rumohr, Anna Grøndal, Ida Charlotte Netland og Viljar Dalland vann berekraftsprisen.

Frå 9.klasse på Lærdalsøyri skule deltok altså desse tre elevbedriftene, og det var totalt sju prisar under messa der to av dei hamna i Lærdal.

Når det gjeld berekraftsprisen er hovudkriteriet at produktet kan vera med og løysa ei berekraftsutfordring, og at dei kan syna til eit eller fleire av FN sine berekraftsmål.

Prisen for beste stand handlar om å ha best mogleg estetisk uttrykk på og utforming av standen - og at bedrifta tek i mot juryen og publikum på ein god måte gjennom personleg uttrykk, formidlingsevne og munnleg presentasjon. 

Neste vår skal Entreprenørskapsmessa i Sogn arrangerast i Lærdal.

Sondre Lysne Walaker, Eyvin Bøkenes og Tarjei Dalland stilte på messa med
Sondre Lysne Walaker, Eyvin Bøkenes og Tarjei Dalland stilte på messa med “Doktor Grønnsak”