Bilar kan såleis ikkje køyra over brua i dette tidsrommet, og skal ein til dømes frå Esso mot sentrum eller motsett må ein køyra via riksveg 5 og rundkøyringane der. Det kan også bli vanskeleg for gåande å ta seg fram.

Grunnen til stenginga av brua er at Sygnir skal grava ned ny straumkabel.