Like før jul fekk Lærdal kommune og andre kraftkommunar beskjed frå kommunal- og regionaldepartementet om kor mykje dei skulle trekkast av inntekta på konsesjonskrafta. 

Ordninga som låg i statsbudsjettet skulle omfordela tre milliardar kroner frå kraftkommunar- og fylkeskommunar til andre ordningar og føremål, mellom anna den generelle straumkompensasjonen - dette på grunn av dei på det tidspunktet svært høge straumprisane.

Lærdal kommune skulle trekkjast 92 millionar kroner, noko som tilsvara heile rammetilskotet - ei av hovudinntektskjeldene til kommunen.

I månadsskiftet januar-februar fekk kraftkommunane melding frå kommunal- og regionaldepartementet om at trekka kom til å bli justert i revidert nasjonalbudsjett - hovudsakleg fordi straumprisane vart vesentleg lågare enn ein la opp til i ordninga opphavleg. 

Samstundes fekk Lærdal kommune beskjed frå same departement om at fastprisordninga på konsesjonskraft til innbyggjarane i Lærdal - som Lærdal kommunestyre vedtok i juni 2022 - ville bli lagt til grunn i den nye utrekninga av trekket. Denne er vesentleg lågare enn spotprisen som det opphavleg vart rekna ut frå.

I dag, 11.mai, la regjeringa fram revidert nasjonalbudsjett - her går det fram at Lærdal kommune blir trekt 6 953 000 kroner for konsesjonskrafta. I all hovudsak var det store reduksjonar i trekksatsane frå kraftkommunane over heile linja.