Sommarlesfest

Dette er fjerde året Lærdal folkebibliotek arrangerer Sommarleskampanjen. I år var det ny deltakararekord med 75 registrerte barn frå 1.-7. klasse. Sommarlesfesten er ei høgtidleg markering av avslutninga av kampanjen der alle som har delteke vert invitert på bollar, saft og teater i kulturhuset. I år var det også rekord i antal deltakarar på Sommarlesfesten der me talde om lag 40 born og 20 vaksne som fekk med seg eventyrteateret til Askeladden friteater.

Det vart ny deltakarrekord under Sommarleskampanjen - her frå Sommarlesfesten som avrunda det heile.
Det vart ny deltakarrekord under Sommarleskampanjen - her frå Sommarlesfesten som avrunda det heile.

Valdebatt

Biblioteket var medarrangør på valdebatten som Sogn avis heldt i kultursalen 6. september. Om lag 100 frammøtte fekk med seg diskusjonar og spørsmål til ordførarkandidatane.

Harastølen

Om lag 60 personar deltok på føredrag om Harastølen med Oddrun Midtbø 20. september. Her vart det så fullt i lokalet at alt av sitjemøblar måtte fram. Midtbø heldt eit spennande og engasjert føredrag om livet på Harastølen dei siste 100 åra, basert på boka ho nyleg har gitt ut på eige forlag. Boka er full av historier, bilete og teikningar som skildrar det som har skjedd i det gamle bygget oppe i fjellsida i Luster.

Kulturminnedag

Ein forminska versjon av kulturminnedagen vart arrangert 25. september saman med Barnas turlag. Barn og vaksne fekk vere med inn i hola i Olavsklemma og høyra forteljingar om Olav den heilage si ferd gjennom Lærdal for 1000 år sidan. Etter forteljarstunda var det rebus med spørsmål frå historia før dagen vart avslutta med kveldsmat både inni og utanfor hola. Arrangementet var ein del av prosjektet Lærdal i 1000 år.

Dette skjer utover hausten

10.-14.okt: Haustferieaktivitetar for barn 

Me lagar til aktivitetsbord for barn som står tilgjengeleg heile veka. Kom innom og lån ei bok, teikn ei teikning, bruk symaskina vår eller spel eit spel. Vanlege opningstider i tillegg til laurdagsope bibliotek.

14.okt: Laurdagsope bibliotek med kreativ aktivitet for barn

22.okt: Forfattarbesøk for ungdomstrinnet Tor Arve Røssland

31.okt: Strikkekveld med Birger Berge 

Berge er aktuell med den nye boka Nordisk mønsterstrikk. Han vil fortelja om vegen fram mot den nye boka og inspirasjonen bak dei nye designa. Han vil også fortelja om si strikkehistorie, lidenskapen for strikkinga, og litt om livet som strikkande mann.

Arrangementet er i samarbeid med Lærdal husflidslag. Ta gjerne med strikketøy!

Birger Berge vil fortelja om boka si og korleis det er å vera ein strikkande mann når han kjem til Lærdal folkebibliotek 31. oktober.
Birger Berge vil fortelja om boka si og korleis det er å vera ein strikkande mann når han kjem til Lærdal folkebibliotek 31. oktober.

9.nov: Forfattarbesøk for mellomtrinnet med Arnfinn Kolerud

9.nov: Nynorskføredrag med Arnfinn Kolerud 

Kolerud har gått all in i språkdebatten med dei tre romanane “Når ein først skal skyte nokon”, “Kom ikkje inn i mitt hus” og “Gamle menn i syningom”. Handlinga går føre seg i den aller siste nynorske landsbyen, i ei tid der bokmål og engelsk vinn fram på alle frontar. Ord for ord må nynorsken vike.  Bendik Uføre og dei andre nynorskingane utfører likevel dristige aksjonar inne i bokmåls-områda, for at språket deira skal overleve og ein gong i framtida nå nye høgder. 

Med utgangspunkt i trilogien gir forfattaren tips om korleis vi alle kan bli gode nynorsk-aktivistar, anten det er gjennom dikt-på-do, korrekturlesing og korrekturbrodering, eller på meir utagerande og framfusent vis.

Arrangementet er i samarbeid med Lærdal mållag, og med støtte frå Vestland fylkeskommune.