I mars er temaet for trafikksikre kommunar å ikkje lata seg stressa i trafikken. 

Så - visste du at?:

  • Reglane knytt til forbikøyring står omtalt i § 12 i trafikkreglane?
  • Ved å auka farten frå 80 km/t til 90 km/t sparar du berre 50 sekund per mil (10 km)?
  • Møteulukker står for den største andelen av dødsulukker i trafikken?
  • Føret kan variera mykje på ein vegstrekning? 
  • 1001-1002-1003 ikkje alltid er nok? Hald avstand, på vanskeleg føre bør avstanden aukast.
  • Gamle uttrykk fortsatt fungerer? Det er betre å koma 5 minuttar for seint, enn ikkje i det heile tatt.