I rapporten kan me mellom anna lesa:

Fjøreknappen er ei lita plante med gule blomsterkorger. I Noreg var ho lenge berre kjent frå elvedeltaet på Lærdalsøyri. Planta er kåra til Lærdal sin kommuneblomster og har tidlegare vore framheva som særleg bevaringsverdig både av fagfolk og statlege styresmakter. Arten kjem opphavleg frå Sør-Afrika, og det er uklart korleis den har kome til Lærdal. I fleire europeiske land har den i nyare tid etablert seg på strandenger. T.d. i Sør-Sverige har den lokalt vorte dominerande og fortrengjer det stadeigne artsmangfaldet. På den svenske lista over framande artar står den difor oppført som ein art med «mycket hög risk» (Artdatabanken 2024). 

Fjøreknappen er dermed eit godt døme på korleis ny kunnskap om naturmangfaldet og trugsmåla mot dette har ført til at vår forståing av utfordringane og løysingane har endra seg radikalt på nokre ti-år. Det vi tidlegare trudde var riktig å gjere har vist seg å ha store skadeverknader og noko vi i staden må unngå. Dette fortel oss kor viktig det er å ha god kunnskap om samanhengane i naturen og bruke denne aktivt i forvaltinga. 

Dei siste ti-åra har det vore store inngrep i elvedeltaet på Lærdalsøyri. Sjølv om desse inngrepa har hatt store skadeverknader på naturmangfaldet, så hadde dei i det minste ein positiv verknad – fjøreknappen vart sist sett her i 2003 og er truleg utrydda no