Sjølv om ekstremvêret Ingunn var sterkast på kysten og lenger nord, kom det til tider og lokalt sterke vindkast i Lærdal også. Torsdag er det meldt roleg vêr, men fredag dreg det til med moglegheiter for mykje regn og farevarsel i alle fargar:

  • Flaumfare på gult nivå (Heile Vestland)
  • Jord-, sørpe- og flaumskredfare på oransje nivå (Heile Vestland og fleire andre fylke)
  • Snøskredfare på raudt nivå (Indre Sogn, men også fleire omkringliggjande område)

Varselet om flaumfare og jord-, sørpe og flaumskredfare gjeld frå fredag morgon klokka 7 til laurdag morgon klokka 7. Varselet om snøskredfare gjeld fredag, her er ikkje varselet for laurdag og dagane vidare kome ut når denne artikkelen vart publisert.

Yr.no melder over 50 millimeter nedbør og plussgrader i Lærdal fredag. Her kan ein også lesa meir om dei ulike varsela og anbefalingar som gjeld.